Informasjon
Kva kan du oppleve på denne festivalen:
Det blir variert yoga - Yin, vinyasa, restorative, yoga nidra. Fjellturar, lydbad, dans, isbading. Bålkaffe/ te. Muglegheit for å møte ein ny ven. Mat servert av lokale kokkar. Bli med på "oljeblanderi" for å lage di eiga oljeblanding. Barneyoga for VAKSNE. Her er det rum for å sleppe seg fri, la deg sjølv få sanse, leike og lære nye ting. Brethwork kan opplevast her. Ein nett liten marknad.
​
Og ynskjer du å trekkje deg litt tilbake er det stor boltreplass i naturen rundt Lom sentrum for å finne stillheit, ro og kvile.
​
Billettregistrering og informasjon på festivalen vil bli på Nordal turistsenter.
​
Under finner du programmet for festivalen.
Historie
Det er ikkje mykje historie å fortelja om enda. Men håpet er at det skal bli det etter kvart som festivalen vert til. Her er det altså moglegheit til å vera ein del av historia som blir til.
Anna nyttig informasjon
"La deg sjølv få sleppe fri, gje rum for sansing, leik og læring." - Kristin Lund
Overnatting:
Overnatting er ikkje inkludert i festivalbilletten. Deltager har sjølv moglegheit til å velge overnatting utifrå eigne ynskjer. Det er både fleire hotell og camping i Lom sentrum å velge mellom. Her er overnattingsmuglegheitane i sentrum:
​
Brimibue​
Fossberg hotell​
Fossheim hotell​
Lom camping​
Nordal turistsenter
(Dei fleste aktivitetar vil foregå på Fossberg hotell og Nordal Turistsenter.)
Koma til festivalen:
Frå Oslo: Bil - e6 nordover til Otta, tek av til riksveg 15 og køyrer ein knapp time så kjem du til Lom. Muglegheit for buss heile vegen, eller tog til Otta og buss videre oppover riksveg 15.
​
Frå Trondheim: Bil - e6 sørover til Otta, tek av til reiksveg 15 og køyrer ein knapp time så kjem du til Lom. Muglegheit for buss heile vegen eller tog til Otta for så å ta buss frå der til Lom.
​
Frå Bergen: Bil - e16 til Lærdalstunnelen, viare riksveg 5 til du køyrer av til riksveg 53 til Øvre Årdal. Køyr Tindevegen til Turtagrø for så å køyre over Sognefjellet til du kjem ned til Lom sentrum
Litt om Lom:
Lom er ei nett lita bygd med nokså få innbyggjarar. Men sjølv om det er få som bur her er det mykje liv og røre i sumarhalvåret. Derfor har Lom mykje spennande butikkar og aktivitetar det fint går an å sjekke ut når du er på festivalen. Her kjem nokre tips for deg som er interessert:
​
- Bakeriet i Lom
- Smak i Lom (lokalmatbutikk som og sel fersk kaffe)
- Fjellsenteret - museum
- Steinsenteret
- zip line over Bøvra (elva som renn gjennom Lom sentrum)
- det er fleire kafear og resturantar som byr på mykje god mat.
- Lokal pub på Nordal turistsenter.
Lurt å ta med seg:
- Eiga yogamatte, pledd, øyepute (om du har) og anna yogautstyr du likar.
- Klær for all slags vær (hausten i Lom kan by på mykje variert vær).
- Badeklær til isbading og/ eller bruk av basseng på Fossberg hotell.